Born og unge

Formidlingstilbod: Sunnfjord Museum tek imot skuleklassar og barnehagar på alle trinn og tilbyr gratis skuleopplegg i tilknyting til friluftsmuseet og til utstillingar i hovudbygningen. I tillegg utformar vi undervisningstilbod etter spesielle emne og ynske til vaksne.

Gjennom året utarbeider museet eigne undervisningsopplegg for barnehagane og dei ulike klassetrinna i grunnskulen. Desse opplegga er som oftast basert på ein heil skuledag og på aktiv medverknad frå elevane i løysing av praktiske oppgåver.

Informasjon om desse skuleopplegga går ut til alle grunnskulane i Sunnfjord i god tid med høve til å melde seg på.

Vi har blant anna eit eige underisningsopplegg som går på Hus og Byggeskikk i Sogn og Fjordane. Dette finn du meir informasjon om her.

Kontaktperson på museet er Oddbjørg Hjelmeland.


1) Matematisk Tråd - vandreutstilling om matematikk & handarbeid

Vandreutstillinga «Matematisk tråd» er produsert av Nasjonalt senter for matematikk i opplæringen, Nordnorsk Vitensenter Tromsø og Vitenfabrikken, Jærmuseet. Ulike oppgåver og utfordringar føl utstillinga.  Museet supplerer med gjenstandar frå samlinga som viser korleis matematikk har vore grunnleggande element i handverk og dekor på gjenstandar og klesdrakt i vår historie. Det blir verkstad for eigen aktivitet av ymse slag:

Lag ditt eige design!

Veke 17           Måndag 24. – tysdag 25. – torsdag 27. april

Veke 18           Torsdag 4. – fredag 5. mai    

Veke 19           Måndag 8. – tysdag 9. – torsdag 11. mai

Alle dagar i tidsrommet frå klokka 10.00 – 13.00 eller etter avtale

Tidsbruk utstilling/verkstad: Ca 1,5 time.

Vi inviterer med dette klassar på barne- og ungdomstrinnet til eit vårleg besøk på museet.  Ei lærerik utstilling om matematikk i våre daglege omgivnader kan kombinerast med uteliv! Lag dykkar eige dagsprogram, men legg inn tid til utstilling og utprøvande aktivitet med matematiske prinsipp som element! 


2) Ein skuledag i gamle dagar 

skule

Etter som tida går vert det stadig meir eksotisk å prøve «skriveboka» skifertavle og «blyanten» griffel, pugge salmevers og prøve seg på handskrift med penn og blekk. Skulen i gamle dagar er difor eit populært tilbod på museet. Og når skuleklokka ringjer til friminutt er det tid for song og leik i tunet. Å ta fram att mange av dei gamle dygdene er aktivitetar som fengjer og gir meining for elevane. Forteljingar om barndom, skule og  samfunn i eldre tider har alltid appell. For oss på museet er det inspirerande å formidle dette til stadig nye årgangar.


3) Utstillinga VIVA BASKET ! Les meir her...

Handverkskunnskap vart tidlegare formidla frå vaksne til born gjennom aktiv deltaking i arbeidsprosessar. Denne utstillinga viser flettetradisjonar i Noreg og Polen, og korleis kunnskapsformidling blir praktisert i dag. Museet stiller ut fletta gjenstandar frå samlinga. Fletteverkstad i utstillinga.

Vi vil med dette invitere førskulegrupper og klassar på barnesteget til Skulestova eller Viva Basket utstillinga med kreativ verkstad i veke 10, 11 og 12 på følgjande dagar, klokka 10.00 eller etter nærare avtale:

Veke 10           Torsdag 9. – fredag 10. mars

Veke 11           Måndag 13. - Tysdag 14. – torsdag 16. - fredag 17. mars

Veke 12           Måndag 20. – tysdag 21. mars                                                                

Innhaldet kan tilpassast den aktuelle aldersgruppa – førehandsinformasjon blir sendt ut etter påmelding. Opplegget tek ca 1 ½ time og passar godt å kombinere med eigen aktivitet på museet eller vandring på turstiane.

Leik i tunet  (stylter, hesteskokasting, skattejakt, rebusløp, kubbespel eller eigne aktivitetar). Tur på Mostien eller Dyreløypa (april-oktober) og tur rundt Museumsstølen.

Grillane i tunet kan lånast – de tek sjølve med grillkol og tennvæske.


4) Reise til gamle dagar - omvising og forteljing i museumstunet 

  • Skulestova
  • Østenstadstova/Eldstova – tid til forteljing og /eller eventyr
  • Husmannsplassen frå 1790-talet der Nils og Marte Movik budde fram til dei døydde i 1903 og 1905.

Veke 21 til 24. Opplegget tek ca. 2 skuletimar og passar godt for barnehagar og barneskule, men kan også tilpassast vidaregåande skule / vaksenopplæring.


5) Turtilbud 

Tunet er ein vakker og fredeleg plass nær sentrum! Vi set ut utespel og leikar for store og små: stylter, hestesko-kastingsutstyr, kubbe- og ringspel til låns. Materiell til rebusløp og skattejakt får ein i resepsjonen. Grillane er disponible for dei som vil ta med kol og tennvæske til eige bruk.

Dei gode turmogelegheitene med Mostien og Dyreløypa som startar/endar i tunet er populære for alle aldersgrupper.

skuletilbod

DYRELØYPA (april til oktober) er ei natur- og kulturhistorisk vandrerute med representative hus og kulturlandskap for Indre Sunnfjord. Løypa går mellom Mostien og museet. I løypa vert ein kjend med den lokale faunaen ved hjelp av informasjonstavlar som er utforma på fleire språk og med tanke på born av ulik alder. Den inneheld elles dyrefigurar, dyrelydar, og utstoppa dyr.

MOSTIEN er ei vandring i natur og kultur. Turen går i lett kupert terreng mot Huldefossen. Undervegs fortel museumsbygningar og informasjonstavler om både tradisjonell og moderne utnytting av naturressursane (stølsdrift, sagbruk, vegetasjon, jakt og fangst). Stien er merka med treskilt. Turen kan lett gjerast lang eller kort etter ynskje.


I november/desember kan barnehagar og - skular på barne- og mellomsteget tinge:

6) "Jul i gamle dagar"

Det er blitt tradisjon for mange å komme til Movika for å oppleve god sjølvlaga julestemning. Det er vi på museet svært glade for! Med dette innbyr vi barnehagar og skuleklassar på barne-/mellomtrinn til ein innhaldsrik dag med formidling av kunnskap om gamle tradisjonar kring jula, og oppleving av å skape høgtid med vidareføring av desse.

jul