Ferieaktivitetar

Aktivitetsdagar i vinterferien
Tysdag, 21.02. og onsdag, 22.02. klokka 11.30 - 15.00

Det blir sett fram uteleiker i tunet og gjort klart til bogeskyting i Sersjantløa. Turstien er fin året rundt, er det snøføre kan du ta med eige akeutstyr. Bålpannene blir tende opp for dei som vil grille, og kaker, varm saft og kaffi/te kan kjøpast på museet. I Huus-stova byr vi på god omnsvarme og inviterer til velkjende og historiske brettspel.

FLETTEVERKSTAD for alle i utstillinga Viva Basket!

Tradisjon til inspirasjon: Eit samarbeidsprosjekt mellom to norske og ein polsk partnar der målet er å dokumentere, ta vare på og vidareføre eldre fletteteknikkar. Utstillinga er supplert med gjenstandar frå eiga samling og arbeid av Marit Thingnæs.