Museet og samlinga > hus

I friluftsmuseet ved museet er det oppsett i alt 32 antikvariske bygningar. 3 av dei er ein opphavleg husmannsplass, dei andre er tilflytta frå bygdene i indre Sunnfjord. Langs Mostien har museet også sett opp ein støl med 3 sel, ei løe og ein fjøs.

I tillegg har museet fleire hus som anten er lagra på museet, eller enno ikkje er tekne ned. Dei skal alle settast opp etter ein plan.

Dei fleste husa er grupperte i eit gardstun slik det har sett ut kring 1850, og er innreidde frå same perioden. I tillegg er det sett opp eit stølsanlegg langs Mostien, på høgda over museumstunet, med ein fjøs og tre sel. Resten av bygningane er enkeltståande hus.

tunet

I dei gamle klyngetuna var det mange hus. Her ein rekonstruksjon av garden Angedal i Førde.