17. MARS til 31. AUGUST 2016

UTSTILLING av Brynhild Slaatto

"Båtryer og papircollage – en reise i farge og struktur"

slattoo papircollage sunnfjord museum

Utstillingen er støttet av Norsk kulturråd.

Strimler med klippet og revet papir gir en rytme av smale og brede striper. Papirmaterialet varierer mellom det helt tynne til det grovere – rispapir, dekorpapir, bokmanus, appelsinpapir.

Papircollagene er i dialog med, og står i kontrast til, de to båtryene/napparyene fra 1800-tallet som også blir vist fram på utstillingen. Båtryer er ofte frodige tekstiler med tvunnet, kraftig ulltråd og velbrukte filler. I tillegg brukte veverne det de hadde, som vakre silkebånd, dusker eller annen pynt. En dyrebar tekstil for eieren, og som ofte ble laget med den aller største kjærlighet av veveren, til den som skulle ut på farefull og kald ferd på havet.

Les mer om utstillingen på www.brynhildslaatto.no

foto: Oddleiv Apneseth

 

JANUAR til 24.FEBRUAR 2016

UTSTILLING "Ånda i fillehaugen"

Ei kulturhistorisk samling av strikka sokkeskattar av Annemor Sundbø.

Ånda i fillehaugen sunnfjord museum

foto: ved Førde barneskule på 30-talet, biletsamling Sunnfjord Museum

Annemor Sundbø er utdanna kunsthandverkar, tekstildesignar og faglærar i vev og teikning. Ho overtok sjoddyverksemda Torridal Tweed og Ulldynefabrikk nord for Kristiansand i 1983, der ho har produsert ulldyner, soveposer og overmadrassar i resirkulert ull. Annemor Sundbø driv vev- og strikkeverkstaden og utsalet ”Ose Ullvare” på Ose i Setesdal.

Eit rikt utval av fillesamlinga har vore kjelde til store utstillingar og foredrag om ”Ånden i fillehaugen” i inn og utland:  ”I arbeidet mitt med fillehaugen er ånda all den sjela som kvinner har lagt ned i arbeidet sitt av kjærleik og omsorg og skaparglede, og den tradisjonsformidlinga som er vidareført som ei sjelevandring ved hjelp av handa.” 

Det store fillelageret på fabrikken har vore grunnlagsmateriale til bøkene: 

·         Kvardagsstrikk, kulturskattar frå fillehaugen i 1994

·         Lusekofta fra Setesdal 1998 - Usynlege trådar i strikkekunsten i 2005

·         Strikking i billedkunsten – Knitting in Art i 2010

·         Norske vottar og vantar i 2010

·         Spelsau og samspill. Glansfull ull og lodne skjebnetrådar i 2015. 

Prisar mottekne for kulturformidling: Aust Agder fylkeskulturpris 1999, Bygland Kommunes kulturpris 2004 og Norges Husflidslag si fortenestemedalje 2004 for bevaring og vidareføring av kulturverdiar i inn og utland. Vidare har ho fått Sørlandet sin litteraturpris 2006 for «Usynlege trådar i strikkekunsten», Kongens fortenestemedalje i 2013 og Vest-Agder sin fylkeskulturpris i 2015. Ho har vore Statsstipendiat frå 2013.

«Kle skapar folk!» – Museet si Jubileumsutstilling 1814-2014 med 200 års historie i drakt og bilete har hausta mange lovord, og dannar eit viktig bakteppe til ulltemaet museet har fokusert på siste halvåret.

Det vert eigne «Torsdag på Sunnfjord Museum»-arrangement: 28. januar og 18. februar kl. 19:00 med sau/ull/strikketema.

Velkommen til Sunnfjord Museum!

 

2014 - 2015

JUBILEUMSUTSTILLING "Kle skapar folk"

Kle skapar folk sunnfjord museum

KLE SKAPAR FOLK - Drakt som nasjonal og lokal forteljar 

I samband med 1814-jubileet har vi på Sunnfjord Museum aktivert deler av den store og fine tekstilsamlinga vår i ei utstilling, og presenterer dette materialet gjennom ei tidsline og i ein samfunnsmessig kontekst. Truleg er det denne delen av samlinga vår som best kan illustrere eit tidsløp på 200 år. Dette vart difor vår markering av grunnlovsjubileet i 2014.

 Me tar utgangspunkt i «billedskjærer og postombærer» Jørgen Garnaas (1723-1798) sine to trefigurar i folkedrakt frå  Jølster. Garnaas sin produksjon fall saman med eit gryande syn på folket, bonden og også fiskaren som representasjonar av det ekte og for vår del det norske, og drakta vart i stor grad brukt som markør. I sin tur stadfesta nasjonalromantiske målarar som Tiedamann og Gude drakta som eit kvalitativt kjenneteikn ved det norske, og gav kanskje første støyten til ei standardisering. Samstundes vart drakta heile tida påverka av motestraumar frå utlandet, t.d. renessansen først på 1800-talet.

Garnaas skar talrike trefigurar, påkledd  drakter med lokale særtrekk, på sine ruter langs postvegen mellom Trondheim, Bergen og Christiania på 1760-talet.  Hans omdøme som treskjærar og folkelivsskildrar nådde kongen i København, Frederik V, som sette Garnaas på  si lønningsliste for å utarbeide figurane i kvalrosstann og elfenbein til «Det kongelige kunstkammer».  Desse vart så modell for bilethoggar Grundt sitt kongelege oppdrag om skulpturar i full storleik til Nordmandsdalen ved Frederiksborg slott i same periode: Til saman 60 stolte norske bønder, fiskarar, koner  og anna godtfolk som representantar for  kongens undersåttar fram til 1814.

Skulpturane i Nordmandsdalen har vore ei viktig kjelde for forsking rundt drakthistorien i Noreg. Samstundes er parkanlegget ved Fredensborg lite kjent for folk flest i våre trakter.  Garnaas sine figurar er dei eldste påkledde «dokkene» vi kjenner til i Noreg. Vi har fått låne dei frå Bergen Museum, og er stolte over å få presentere dei i samanheng med vårt lokale materiale frå dei 200 åra vi feirar i år!

MEDIA:

http://www.nrk.no/sognogfjordane/eldgamal-jolstring-pa-museum-1.11782032

Nå kan du slå av ein prat med denne vesle karen på museet i Movika i Førde. Men du får neppe noko godt svar frå den 254 år gamle og 20 centimeter høge jølstringen. (nrk, 19.6.2014, Geir Bjarte Hjetland)