Arkiv

DESEMBER 2016

TORSDAG på SUNNFJORD MUSEUM

Tradisjon til inspirasjon!
Torsdag 8. desember kl. 19:00

viva

Jane Jünger, Sunnhordland Museum og Drude Isene, Sørskogen Pil fortel om idéar bak, og prosessane fram mot, vandreutstillinga Viva Basket!

Demonstrasjon av fletteteknikkar. Flett di eiga julekorg!

Last gjerne ned: plakaten i pdf-format


NOVEMBER

KONSERT SKUMRINGSTIME og HELGEOPE

Sulla meg litt, du mamma mi - grenselaus song!

Voggesongar frå Iran, Sri Lanka, Afghanistan, Eritrea og Syria i møte med bånsullar frå Hardanger og Sogn og Fjordane   

Laurdag 12. november klokka 17:00

Museum har helgeope 12. og 13. november klokka 12:00 til 17:00

sulla meg litt

FOTO: ARVE ULLEBØ

Same kvar vi kjem frå i verda, syng vi for borna våre

Velkomen til eit møte med songtradisjonen som representerer eit fellesskap som går på tvers av alle kulturelle, religiøse og geografiske skilje: Voggesongane. Same kvar på kloden vi veks opp, om vi er fattig eller rik, muslim eller kristen, syng vi for borna våre. Desse songane er ein skatt vi ber med oss gjennom livet, også dei som vert tvinga på flukt frå heimlanda sine.

I denne timen let songar Kari Malmanger og innvandrarkvinner i Sunnfjord voggesongar frå Iran, Sri Lanka, Afghanistan, Eritrea og Syria møte bånsullar frå Hardanger og Sogn. Vi får kjenne på det menneskelege fellesskapet og den grenselause songgleda – og kanskje får vi lære oss ein ny voggesong eller to?

Billett kr. 100     gruppe (10stk+) á kr. 50     barn under 18år gratis

Du får også med deg utstillinga Viva Basket!

Last ned: lenkje til plakaten i pdf-format

Idé og produksjon: Førdefestivalen  -  Musikalsk leiar: Kari Malmanger, kvedar/folkemusikar  - Prosjektkoordinator: Jorunn Bakke Nydal, Sogn og Fjordane fylkeskommune - Produksjonen hadde urframføring under Førdefestivalen 2016


OKTOBER

TORSDAG på Sunnfjord Museum

MUSIKK og LYRIKK - KARIN BOYE

Torsdag 27.oktober kl.19.00

Inger-Johanne Kjøde-Enger leser tekster av Karin Boye og spiller altblokkfløyte

Asbjørn Flåm -  orgel/cembalo

Mange kjenner til den svenske lyrikaren. Torsdag 27. oktober kl.19.00 – 116 år og ein dag etter Karin Boye (1900-1941) sin fødsel – vier vi merksemd til denne kvinna, hennar liv og dikting. « Ja visst gör det ondt när knoppar brister» følgde oss i mange tiår gjennom Ønskediktet, framført av Karin Boye sjølv.Ikkje alle kjenner i like stor grad hennar personlege kamp.

Innråma av vakker musikk vil Inger-Johanne Kjøde-Enger lese tekstar av Boye. Verk av Hovland, Corelli, Telemann m.fl. vert framført av Asbjørn Flåm, orgel/cembalo og Inger-Johanne Kjøde-Enger, altblokkfløyte. Utstillinga Viva Basket! (sjå eige oppslag) dannar det visuelle bakteppet for arrangementet. Velkommen til ei god oppleving for øyre, auge og sinn!

Karin Bøye wikkipediacommons

I rörelse

Den mätta dagen, den är aldrig störst. 
Den bästa dagen är en dag av törst.

Nog finns det mål och mening i vår färd - 
men det är vägen, som är mödan värd.

Det bästa målet är en nattlång rast, 
där elden tänds och brödet bryts i hast.

På ställen, där man sover blott en gång, 
blir sömnen trygg och drömmen full av sång.

Bryt upp, bryt upp! Den nya dagen gryr. 

Oändligt är vårt stora äventyr. 

Bill. Kr. 100,-  


OKTOBER

FERIEAKTIVITETAR

Haustferieveka tysdag, 11.10. og onsdag, 12.02. klokka 11.00 - 14.30

Fleire nye uteleikar! – Bogeskyting i Sersjantløa – Vi prøver å lage eld med flintstein og eldstål – Åkeren er klar for potetopptak – God varme og spel for ei roleg stund i Huus-stova. Mostien og Dyreløypa ligg som før og byr seg fram til vandring for store og små.

vinterferie

FLETTEVERKSTAD for alle i utstillinga Viva Basket!                                        

Tradisjon til inspirasjon: Eit samarbeidsprosjekt mellom to norske og ein polsk partnar der målet er å dokumentere, ta vare på og vidareføre eldre fletteteknikkar. Utstillinga er supplert med gjenstandar frå eiga samling og arbeid av Marit Thingnæs.

Ro, ro, ro din båt

Vi har investert i et nytt fartøy i Go´Kajakk – en ekte Nordfjordfæring. Den er 19 år gammel, i topp stand og klar for prøvetur på Movatnet, ved Sunnfjord Museum i Movika. Ta turen på tirsdag 11. oktober, da er det åpen dag på museet, og du kan få leige robåten for en prøvetur... 

gokajakk

Grillane blir tende til bruk for dei som har med seg den slags mat. Kaffi, brus, kake og is kan kjøpast på museet.


SEPTEMBER

HANDVERKS- og HUSFLIDSMESSE 2016

Laurdag 10.9. og søndag 11.9.2016

messa


JUNI

JONSOK

Torsdag 23. juni kl.17:00-20:00

Vi inviterer også i år til feiring av midtsommar, leikelyst og godt samver i Movika!

Tenning av bål på vatnet

Brurefølgje –  Musikk  

Sal av kaker/kaffi/is/brus

Uteleikar og grillar til fritt bruk

Kl. 18.00 TA SJANSEN!

Utstilling – omvising i tunet – open butikk

jonsok

Folket i Sunde krins og på museet har gjenskapt ein tradisjon som sov i ein generasjon: Jonsokfeiring med barnebrurepar, musikk, god mat og glade menneske. I tråd med tida vert dei eldre stadig yngre, leikelysta pressar på, nye innslag har kome til: Ta sjansen! (nedre aldersgrense 12 år) er open for alle. Konkurransen med fantasirike farkostar samlar eit stort publikum. Grillar og bålpanne står tende til bruk for dei som vil grille. Kaker, kaffi og mineralvatn vert å få kjøpt i beste 4H-tradisjon. Butikken og utstilling på museet er opne, uteleikane står til fri bruk, og husa i tunet har omvisarar på plass. 

Velkommen til eit godt samver for liten og stor, både lokale og tilreisande gjester!

Vil du/de delta med eige farty? Sjå Sunde krins grendalag på facebook.

Vaksne kr. 60,- / Born under 18 år gratis   

Arrangør: Fjellklang 4H, Sunde Krins Grendalag, Farsund Vel, Movika not- og samkomelag, Sunnfjord Museum


FEBRUAR

FERIEAKTIVITETAR

Vinterferieveka tysdag, 16.02. og onsdag, 17.02. klokka 11.00 - 14.30

Det blir sett fram uteleiker i tunet og gjort klart til bogeskyting i løa. Turstien er fin året rundt, er det snøføre kan du ta med eige akeutstyr. Bålpannene blir tende opp for dei som vil grille, og kaker, varm saft og kaffi/te kan kjøpast på museet. I Huus-stova byr vi på god omnsvarme og diverse spel.

Utstillinga «Ånda frå fillehaugen», 300 sokkar med stor variasjon av mønster og slitasje, er bakteppe for kunsten å stoppe/reparere/gje nytt liv til det vi vil ta vare på. Vi oppmodar små og store til å ta med sokkar eller anna kjært plagg som kan få eit forlenga liv med litt hjelp av nål og tråd. Kanskje du vil brodere eit motiv også?

Ruteark blir lagt fram for den som vil lage sitt eige mønster, eller kopiere noko frå gamle plagg. Dei yngste kan teikne og brodere på papp.

Eventyrstund klokka 12:00 og 13:30.

VELKOMMEN TIL LEIKANDE, LÆRERIKE DAGAR I VINTERFERIEVEKA!

Billettar:  Vaksne kr. 60,- / Honnør/stud. kr. 40,- / Born gratis


TORSDAG på SUNNFJORD MUSEUM

"PÅ LEITING ETTER SKATTAR I FILLEHAUGEN!"

Kva, kvifor og korleis søkjer vi ny kunnskap? med Bjørg Hovland

18. februar, klokka 19.00

annemor sundbo

Annemor Sundbøs strikkesamling, foto Sunnfjord Museum

Denne torsdagen i februar inviterer museet til møte mellom Bjørg Hovland frå Luster og våre dyktige lokale bunadstilverkarar, Ann Lundekvam og Bodil Myklebust.  Kva leitar vi etter, korleis går ein fram når ein sit med trevlar og lause trådar i jakta på grunnlag for rekonstruksjon eller nyskaping? 

Vi oppmodar publikum til å ta med eigne skattar/filler som de har lyst til å dele og diskutere med oss andre. Museet legg fram rutepapir og blyantar, slik at vi kan kopiere fine mønster/skape nye ut frå det gamle.

Vi siterer Annemor Sundbø, opphavskvinna til at fillesamlinga vart kjelde til store utstillingar og foredrag om ”Ånden i fillehaugen” i inn og utland:  ”I arbeidet mitt med fillehaugen er ånda all den sjela som kvinner har lagt ned i arbeidet sitt av kjærleik, omsorg og skaparglede, og den tradisjonsformidlinga som er vidareført som ei sjelevandring ved hjelp av handa.”

Bjørg Hovland har drive registreringsarbeid i indre og midtre Sogn, rekonstruert draktplagg og skrive artiklar i både fagblad og bøker. Ho er bunadstilverkar og kurshaldar. I 2014 gav ho ut «Folkedrakter og bunader frå Sogn. Ei reise i tid og landskap». Hovland er tildelt Norges Husflidslag si «Gullnål med diplom» og Luster kommune sin kulturpris.

Annemor Sundbø overtok sjoddyverksemda Torridal Tweed og Ulldynefabrikk i 1983. Sundbø driv vev- og strikkeverkstaden og utsalet ”Ose Ullvare” på Ose i Setesdal. Det store fillelageret på fabrikken har vore grunnlagsmateriale til ei rekke bøker. Den siste «Spelsau og samspill. Glansfull ull og lodne skjebnetrådar» kom i 2015. Ho har motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt, mellom anna Kongens fortenestemedalje i 2013 og Vest-Agder sin fylkeskulturpris i 2015. Ho har vore Statsstipendiat frå 2013.

«Kle skapar folk!» – Museet si Jubileumsutstilling 1814-2014 med 200 års historie i drakt og bilete har hausta mange lovord. Den dannar eit viktig bakteppe til ulltemaet museet har fokusert på siste halvåret.

Utstillingane er opne frå 18. januar til 24. februar.

Velkommen til ein morosam og lærerik torsdagskveld Sunnfjord Museum!

Billett: kr. 100,-


UTSTILLING 

"ÅNDA I FILLEHAUGEN"

Ei kulturhistorisk samling av strikka sokkeskattar av Annemor Sundbø 

18. januar til 24. februar

meir her...


TORSDAG på SUNNFJORD MUSEUM

"VILLSAUHALD I DAG, FOR FRAMTIDA!"

Foredrag ved Hilde Buer, Sørværet Villsau, Værlandet.

28. januar, klokka 19.00

hildebuer

Foto: Hilde Buer og Anders Braanaas

Hausten på Sunnfjord Museum baud på tema ull i Nord-Atlantisk perspektiv. Det var lærerikt for både born og vaksne for å forstå meir av våre sauerasar sitt opphav og verdiane dei har representert gjennom historia, som livsviktige leverandørar av mat og tekstilar for menneska i sjølvbergingssamfunnet.

Museet vil ta temaet vidare i det nye året, no med lokalt fokus og samtidsaktuell verdiskaping som hovudtema: Landskapspleie, bærekraft og rein, kortreist mat ser ein i dag som potensiale for nye arbeidsplassar i distrikta. Verdien av gammal handverkskunnskap og tradisjonell utnytting av råvarer, kunnskapar som står i fare for å gå tapt, er meir aktuelt enn nokon sinne! 

Hilde Buer og Anders Braanaas driv med villsau på Værlandet. Dei vart heidra med Økopris Vestlandet 2014 for det heilskaplege engasjementet sitt for utvikling av økologisk landbruk og deira tolmodige arbeid med gamle saueraser.

Hilde Buer sitt hovudtema denne kvelden er: Kva er Villsau? Historia og kjenneteikn hos gammalnorsk sau. Sørværet Villsau si drift på Værlandet. Hilde har med seg garn, skinn og andre villsauprodukt for sal, inkludert «Villsauboka» som er komen i nytt opplag.

Som ramme for temaet viser vi to utstillingar fram til 24.februar : "Ånden i fillehaugen" – ei kulturhistorisk samling av strikka sokkar, valt ut frå Annemor Sundbø si store samling med over 300 par gamle sokkar som eigentleg skulle kastast då sjoddyfabrikken Torridal Tweed vart seld. Heldigvis kjøpte Annemor den! Ei rekke temautstillingar har kome ut av fillehaugen og ei rekke bøker har Annemor Sundbø forfatta sitt i forskingsarbeid rundt våre formødre sine vakre handverksprodukt. I 2013 mottok ho Kongens Fortenestemedalje og Statsstipend for arbeidet sitt. Den siste boka hennar, «Spelsau og samspill», kan kjøpast på museet.

«Kle skapar folk!» – Museet si Jubileumsutstilling 1814-2014: 200 års historie i drakt og bilete har hausta mange lovord.

UTSTILLING "Ånden i fillehaugen" http://sunnfjord.museum.no/?q=node/22


Vi ønskjer alle interesserte velkommen til nok ein hyggeleg og lærerik torsdagskveld på museet!

Billett: kr. 100,-