kvardagsfolk

KVARDAGSFOLK tek utgangspunkt i førdekunstnaren Maia Birkeland sin installasjon «All those emotions», som handlar om korleis alle erfaringar er med på å forme mennesket. Gjennom kunstverket tek Maia opp grunnleggande eksistensielle forhold om korleis vi menneske blir som vi blir.

Sunnfjord Museum byggjer vidare på same temaet. Vi set kunstverket inn i ei råme  som kan styrke opplevinga av at dette gjeld oss og meg. Gjennom lyd, tekst og bilete i heilfigur møter du 18 tidlegare og nolevande sunnfjordingar som fekk livet sitt forma av tilfeldige hendingar, medvitne val, lukke og ulukke.

Utstillinga opnar 17. juni.