Torsdag 18. januar: Foredrag med Birger Berge

«Frå eg var liten blei mine første spede forsøk med strikkepinnane oppmuntra og verdsett, kanskje særleg fordi eg er gut og interessa for det var litt uvanleg. Ein annan ting som gir strikkinga mi særpreg, er at røtene mine pregar fargevalet og mønstertypane, noko som er blitt tydeleg for meg etter mange år i Bergen. Det første mønsteret eg fekk på trykk – åklekofte i Bladet Garn – blei valt ut netopp grunna inspirasjonen heimanfrå og det spesielle uttrykket kofta fekk».

Dette er kortversjonen av Birger Berge frå Naustdal si forteljing om seg sjølv. Torsdag 18. januar får han heile kvelden til disposisjon i Movika. Sunnfjord Museum og Midtre Sunnfjord Husflidslag har invitert han til å fortelje, vise, inspirere og more oss med sine idear og tradisjonsinspirerte produkt.

Hjarteleg velkommen!

Torsdag på museet: invitasjone Birger Berge - spøt heimafrå