Sunnfjord Museum

Onsdag 21. og torsdag 22. februar kl. 10-14 inviterer vi store og små til ymse vinterferieaktivitetar på museet.

I verkstaden kan du hjelpe småfuglane med husbygginga og lage fine fuglekassar. I tunet legg vi igjen til rette for uteaktivitetar og leik, og i Sersjantløa finn du den populære bogeskytinga.I resepsjonen kan du få utlevert rebusoppgåver og skattejakt.

Det vert tent opp i bålpannene ute, så ta gjerne med grillmat og nyt lunsjen i friluft, eller du kan søke inn i den varme og koselege Huus-stova der det blir sal av sveler, kaffi og saft.
Utstillingssalen byr på brettspel og diverse kreative aktivitetar med papir, saks, lim og tråd.

Velkommen til leik og lærerike dagar i vinterferieveka!

Billettar: Vaksne: kr. 60,- Honnør/Student: kr. 40,- Born: gratis.
Pris for fuglekasse: 100 kr