Viksdalsmåling

«ROSER OG SNIRKLER AV GULT OG BLÅTT»

Utstilling om Viksdalsmåling på Sunnfjord Museum

Du har sikkert sett dei gulraude øskjene, tinene, skålene eller skrina med dekor i grønt, svart, kvitt, blått eller gult – rosemålartradisjonen som kallast Viksdalsmåling.

Det var den kjende folkelivsskildraren Eilert Sundt som karakteriserte rosemålingstradisjonen på Viksdalen med orda «roser og snirklar av gult og blått». Hausten 1865 budde han nokre veker på Nedre Strand på Viksdalen og skildra derifrå det omfattande handverks- og husflidsarbeidet som føregjekk i desse bygdene. På heile 1800-talet vart denne særeigne rosemålartradisjonen utøvd på Viksdalen, og omfanget var stort. Dette var noko folk likte og sette pris på. Det var ettertrakta varer, og kanskje så mykje som 3-400 000 slike rosemåla pryd- og nytteting fann vegen frå Viksdalen til heimar i inn- og utland desse åra.

Sunnfjord Museum ser det som si oppgåve å få denne tradisjonen som har hatt så mykje å seie meir fram i lyset. Kring 150 eldre gjenstandar - frå den gamle altertavla i Haukedalen kyrkje til dei minste øskjer - har fått plass i utstillinga.

Utstillinga opnar fredag 1. juni og du kan sjå den i utstillingssalen ut september 2018.

Hjartleg velkommen!