Peparkakebygd

Bli med og lag Sunnfjord i peparkaker!

I 2017 arrangerte vi for første gong ei peparkakebygd som utstilling her på museet. Mange var med og leverte inn flotte byggverk og figurar!
Dette vil vi gjere igjen i 2018! 
Men vi treng hjelp, og oppmodar barnehagar, skuleklassar, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar i Sunnfjord til å levere inn bidrag til årets peparkakebygd som opnar laurdag 24. november 2018!
Kan de sjå føre dykk Mjølkerampen på Sande, "Skywalken" i Førde, rådhuset, skulen, barnehagen eller dykkar eige hus som pepperkakehus? Leik dykk som arkitektar, designarar og sjefspyntarar saman med vener, familie og kollegaer. Bli med å formgje bygningar, landemerke, krikar og krokar av Sunnfjord som de måtte ønskje å syne fram.

Vi set pris på alle bidrag og gler oss til å vise fram alt det kreative de lagar! Alle som deltek får gratis inngang til "Pepperkakebygda mi" i utstillingsperioden.

Vi håpar at du vil vere med å teikne, skjere, steike, lime, pynte og bygge Sunnfjord i deilige peparkaker!

Utstillinga "Peparkakebygda mi" opnar 24. november!

 

Praktisk informasjon

  • Send oss gjerne ein e-post med påmelding til sum@misf.museum.no. Skriv namn, adresse og telefonnummer, og merk e-posten med "Pepperkakebygda mi". Kom innom museet med byggverka dykkar i perioden tysdag 13. - t.o.m. tysdag 20. november. Vi har ope i kvardagane i tidsrommet 08.30–15.30.
  • Bidraga må hentast på museet i perioden måndag 17.- t.o.m. fredag 21. desember i tidsrommet 08.30–15.30.

 

Opningstider i førjulstida

Laurdag 24. november: Opning av "Pepperkakebygda mi", kl. 11.00–16.00
Søndag 25.november, kl. 11.00–16.00
Søndag 2. desember, kl. 12.00–16.00
Søndag 9. desember, kl. 12.00–16.00
Søndag 16. desember kl. 12.00–16.00 (siste utstillingsdag!)

I vekedagane er utstillinga open frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

 

Billettprisar

Dei som leverer byggverk til utstillinga får ein gratis inngangsbillett.

0-5 år: gratis
Born, vaksne og honnør: 30 kr.


Velkomen til "Pepperkakebygda mi" på Sunnfjord Museum!