Museet og samlinga > om museet

Hus 

I friluftsmuseet ved museet er det oppsett i alt 32 antikvariske bygningar, 3 av dei ein opphavleg husmannsplass, dei andre tilflytta frå bygdene i indre Sunnfjord. I tillegg har museet 10 hus som anten er lagra på museet, eller enno ikkje er tekne ned. Dei skal alle settast opp etter ein plan. Dei fleste husa er grupperte i eit gardstun slik det har sett ut kring 1850, og er innreidde frå same perioden. 
Les meir her...

Gjenstandar 

Museet har kring 13 000 registrerte gjenstander. Desse avspeglar for ein stor del 1800-talet og tidlegare, men når det gjeld nyregistreringar frå dei siste tiåra er ein stor del frå vårt hundreår.

Gjenstandssamlinga avspeglar dagleglivet for folk flest i sunnfjordbygdene, med hovudvekt på arbeidsliv og levemåte i jordbrukssamfunnet. Tematisk er hovuddelen av samlingane reiskap, handverksverktøy, handverksprodukt, klede og andre tekstilar og ulike typar husinventar.

Foto 

Den registrerte delen av fotosamlinga til Sunnfjord Museum er på om lag 5.000 bilete. Samlinga omfattar innsamla bilete frå privatpersonar i Sunnfjord, i tillegg til samlingar etter lokale fotografar som Anton Øygard, Tollef Sandal og Elias Eide på Jølster. Tidsmessig dekker samlinga 100-årsperioden frå 1860-talet til om lag 1960. 

I tillegg er samlinga etter førdefotografen Olai Fauske oppbevart på museet. Samlinga inneheld om lag 8.500 negativar i tillegg til ei positivsamling på om lag 9.000 bilete.

Det aller meste av desse bileta er ikkje klausulerte, og er ei viktig kjelde til kunnskap om nær fortid for privatpersonar, media, forlag og andre brukarar av biletarkivet.

Arkiv

Sunnfjord Museum har eit samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ved at ein del av deira materiale som har spesiell tilknyting til Sunnfjord, er oppbevart på museet. Døme på dette er arkivet til Sunnfjord Songarsamband og Sunnfjord Ungdomslag.

Bibliotek 

Sunnfjord Museum har eit stort fagbibliotek med fleire tusen bøker og tidsskrift. Hovuddelen er bøker og tidsskrift som omhandlar dei tema museet arbeider med. Alle bøkene er i dag registrerte og søkbare gjennom Førde bibliotek og kan lånast ut.