Selskapslokale > leige

Sunnfjord Museum har innreidd fire av dei antikvariske husa slik at dei kan nyttast til utleige for møte, konfirmasjonar, åremålsdagar, firmafestar, bryllaup etc. 

Ut etter leige av lokale til fest eller møte? Vi har fortsatt ledige dato til sommaren og hausten. Sjå også tilbud til bryllaup - bryllaupspakka.  

Eller du kan reservere lokale for kommande år :) Ta kontakt. 

Museet er vigselsgodkjent. Utleiga er basert på at leigetakarar ordnar med mat sjølve, men dersom det er ynskje om det, kan museet ordne med det. Dersom du ynskjer ei tilskiping med spesiell atmosfære bør du ta kontakt.

Uteområde / grillar: I sommarhalvåret kan vi reservere uteområdet med grillar for grupper. Leigetakarar må sjølve syte for ved/kol til grillane. Pris for reservasjon og leige: kr 300,-.

Kontakter for catering og servering m.m hjå oss:

Halbrendshuset 

Huset eignar seg for grupper opp til 36 personar. Heilårsbruk. Nytt moderne kjøkken. Dekketøy. Les meir her...

halbrendshuset sunnfjord museum

Huusstova

Eignar seg for grupper opp til 40 personar. Heilårsbruk. Kjøkken. Dekketøy. Les meir her...

huusstova sunnfjord museum

Sersjantløa 

Eignar seg for grupper opp til 120 personar. Kaffitraktar, kjøleskap og fryseboks. Til bruk i sommarhalvåret. Ikkje dekketøy. Les meir her...

sersjantløa sunnfjord museum

Eldstova 

Eignar seg for mindre grupper opp til 20 personar. Til bruk i sommarhalvåret. Les meir her...

eldhuset sunnfjord museum

 

Lenke - pris for leige av hus 2017...klikk her.

Pdf - Arrangement og utleige i historiske omgjevnader. Historien om husa ... last ned pdf.

 

UTLEIGEVILKÅR

Avtalen gjeld frå kl 1200 utleigedagen til kl 1200 dagen etter dersom ikkje anna er avtala. Ved utleige over fleire dagar, t.d. til oppdekking, pynting og rydding, kjem eit tillegg i prisen på 20 % pr dag (kl 1200 til kl 1200 dagen etter). De vil få tilsendtfaktura etter gjennomført arrangement. Ved utleige til personar under 18 år, skal utleige avtalast med og signerast av foreldre. Dersom leigetakar er under 18 år, skal arrangementa vere rusfrie. Ei eventuell avbestilling må gjerast seinast to veker før utleigedato. Ved for sein avbestilling må leigetakar dekke 50% av leigesummen.

Utleigar held straum, gass, ved til omnane og blomar i glaskarmane. Leigetakar ryddar etter seg, tørkar av bord og benker/stoler, fjernar evt. søl og flekker og kostar golv, samlar boss ute/inne og har det i bossdunken. Levering av ekstra boss til miljøstasjon,ekstra rydding og vask, flekkfjerning, eller spesiell tilrettelegging i forkant, kjem i tillegg til leigeprisen. Leigetakarar av Huusstova setter brukt dekketøy i plastkasser. Dei som leiger Halbrendshuset skal sjølve syte for oppvask og at dekketøy vert sett på rett plass. 

Det er røykeforbod i alle husa og på museumsområdet, unnateke der det er plassert ut oskebeger. Opptenning av bål eller eingongsgrill er ikkje tillate. Grilling skal føregå på dei utplasserte grillane museet stiller til disposisjon, eller på avtala grill som leigetakar har med seg. Leigetakar pliktar å gjere seg kjend med branninstruks og sløkkeutstyr, og kvar det er plassert. I sommarsesongen 1. juni – 31. august er museet ope for omvising kl 1000 – 1600/1800 på kvardagar og 1200 – 1700 laurdag og søndag. Dette vil ikkje få følgjer for utleigehusa, men rydding ute i tunet må vere unnagjort før museet opnar.

Museumspersonale skal saman med leigetakar gå gjennom huset/husa og instruere i bruk av husa og utstyret. Leigetakar pliktar å syte for at den/dei som skal bruke utstyret også vert informert. Leigetakar må sjølv syte for henting av nøklar (mån – fre 0800 - 1530) og levere dei attende første kvardag etter utleige.

Vi ber om at det vert synt respekt for dei verdfulle bygningane og gjenstandane i tunet. Utleigehusa er ein del av museet si samling av antikvariske hus, og må handsamast i samsvar med det. Bruk av spikar/teiknestift i husa, oppsetting av framandelement som telt eller liknande i friluftsmuseet, kan berre gjerast etter løyve av museet sitt fagpersonale. Parkering av bilar i tunet er ikkje tillate unnateke for kortare periodar ved levering/henting av varer og/eller personar.