Turstiar

Mostien 

Mostien er ei vandrerute som høver både for born og vaksne. Langs den merka stien er det kulturminne og informasjonstavler som forklarar den lokale natur- og kulturhistoria i indre Sunnfjord (stølsdrift, sagbruk, vegetasjon, jakt og fangst). Deler av stien følgjer Den Trondhjemske Postvei. Frå ulike stader kan ein nyte utsikta over innsjøen Movatnet, elva Jølstra, og den 90 meter høge Huldefossen. 

Turen startar ved parkeringsplassen på Sunnfjord Museum og går langs merka sti. Frå parkeringsplassen går stien langs Den Trondhjemske Postvei, før den går ut i skogen og til museumsstølen. Frå stølen går stien på ei høgde parallelt med Movatnet til bustadfeltet på Mo og til jordbruksskulen. Derfrå kan ein følgje ei sløyfe langs elva og opp i Bruahogjen, som er skulen sitt forsøksfelt med spesielle tresortar. Vegen inn til Huldefossen fører over brua og ein sti langs Jølstra. Frå skulen kan ein følgje same veg tilbake til Sunnfjord Museum. Turen tek om lag 45-60 minutt kvar veg, og er omlag 3,5 km lang.

Kart / map / Wanderkarte - pdf 

Audio guide - Lytt deg gjennom Mostien.

Ved å laste ned lydfiler frå nettet kan du vere din eigen omvisar på ein tur gjennom Mostien.

I tillegg til norsk er det lydfiler også på engelsk, tysk og persisk.

Last ned audioguide her ... norsk, english, deutsch, persian (vi jobber med saken :)

 

Dyreløypa

Dyreløypa er ei natur- og kulturhistorisk vandrerute oppsett av museet. Den høver for både born og vaksne. Løypa går mellom Mostien og museet. I løypa vert ein kjend med den lokale faunaen ved hjelp av informasjonstavlar som er utforma på fleire språk og med tanke på både born og vaksne. Den inneheld elles dyrefigurar, dyrelydar, og utstoppa dyr. Løypa går forbi stølsområdet til museet, med representative hus og kulturlandskap for Indre Sunnfjord.

Turen startar ved parkeringsplassen til Sunnfjord Museum. Ein kan starte løypa i museumstunet med første post i løypa ved grinda. Turen held fram med ulike postar ved Movatnet og oppover gjennom skogen mot Museumsstølen. Her er det fin utsikt mot Movatnet. Deler av løypa går parallelt med Mostien og kryssar denne fleire stadar.

Frå stølen går løypa tilbake til museet gjennom skogen og Den Trondhjemske Postvei, og avsluttar ved grinda nær parkeringsplassen. Frå Parkeringsplassen kan ein også gå Dyreløypa i motsett retning. Turen tek om lag 30 minutt og er omlag 1 km lang.

Last ned Kart: tunet og Dyreløypa - pdf.