Mostien 

Mostien er ei vandrerute som høver både for born og vaksne. Langs den merka stien finn du  kulturminne og informasjonstavler som forklarar den lokale natur- og kulturhistoria i indre Sunnfjord som stølsdrift, sagbruk, vegetasjon, jakt og fangst. Deler av stien følgjer Den Trondhjemske Postvei. Ulike stader på vegen kan du nyte utsikta over Movatnet, elva Jølstra, og den 90 meter høge Huldefossen. 

Les meir om Den Trondhjemske Postvei på Kulturhistorisk leksikon! 

Turen startar ved parkeringsplassen på Sunnfjord Museum og går langs merka sti. Frå parkeringsplassen går stien langs Den Trondhjemske Postvei, før den går ut i skogen og opp til  museumsstølen. Frå stølen går stien på ei høgde parallelt med Movatnet til bustadfeltet på Mo og til jordbruksskulen. Derfrå kan du følgje ei sløyfe langs elva og opp i Bruahogjen, skulen sitt forsøksfelt med spesielle tresortar. Vegen inn til Huldefossen går over brua og ein sti langs Jølstra. Frå jordbruksskulen kan du følgje same veg tilbake til Sunnfjord Museum. Turen tek om lag 45-60 minutt kvar veg, og ca 3,5 km lang.

Les meir om Mostien i Jul i Sunnfjord 2000 (pdf)

Dyreløypa

Dyreløypa er ei natur- og kulturhistorisk vandrerute som museet har sett opp mellom Mostien og museet. Ho høver for både born og vaksne.  I løypa blir du kjent med den lokale faunaen ved hjelp av informasjonstavler som på fleire språk og retta mot både born og vaksne. Den inneheld også dyrefigurar, dyrelydar, og utstoppa dyr. Løypa går forbi stølsområdet til museet, med representative hus og kulturlandskap frå Indre Sunnfjord.

Turen startar på parkeringsplassen til Sunnfjord Museum. Du kan starte løypa i museumstunet med første post i løypa ved grinda. Løypa går vidare med ulike postar ved Movatnet og oppover gjennom skogen mot museumsstølen. På toppen er det fin utsikt over Movatnet. Deler av løypa går parallelt med Mostien og kryssar den fleire stadar.

Frå stølen går løypa tilbake til museet gjennom skogen og Den Trondhjemske Postvei og blir avslutta ved grinda nær parkeringsplassen. Du kan også gå Dyreløypa motsett veg, og starte på parkeringsplassen. Turen tek om lag 30 minutt og er ca 1 km lang.

Kart 

Høyr deg gjennom Mostien.

Last ned lydfiler frå nettet og du kan vera din eigen omvisar på ein tur gjennom Mostien! 

Lydfilene er på norsk, engelsk, tysk og persisk.Last ned lydfilene under. 

Norsk

1 Mostien - 2 Den Trondhjemske Postveien - 3 Slåttemark - 4 Utmarksløa - 5 Einer - 6 Støylen - 7 Tradisonar på støylen - 8 Sel - 9 Fjøsen - 10 Viltløypa - 11 Movatnet - 12 Furuskog - 13 Tørrfuru - 14 Granskog - 15 Huldefossen - 16 Bruahogjen - 17 Garden Mo

English

1 Mo trail - 2 Postal route - 3 Haymaking - 4 Outlanding barn - 5 Juniper - 6 Mountain farm - 7 Farm traditions - 8 The sel - 9 The cowshed - 10 Game trial - 11 The Mo lake - 12 Pine forest - 13 The dry pine - 14 The spruce forest - 15 The Huldefossen waterfall - 16 Bruahogjen - 17 The Mo farm

Deutsch 

1 Mostien Wanderpfad - 2 Die Trondheimer Poststrasse - 3 Heu- und Futterernte - 4 Die Feldscheune - 5 Wacholder - 6 Die Alm - 7 Traditionen auf der Alm - 8 Die Almhütte - 9 Der Stall - 10 Wildtierpfad - 11 Der Mo See- 12 Kieferwald - 13 Die dürre Kiefer - 14 Fichtenwald - 15 Wasserfall Huldefossen - 16 Bruahogjen - 17 Der Bauernhof Mo

Persian 

1 Mo trail - 2 Postal route - 3 Haymaking - 4 Outlanding barn - 5 Juniper - 6 Mountain farm - 7 Farm traditions - 8 The sel - 9 The cowshed - 10 Game trial - 11 The Mo lake - 12 Pine forest - 13 The dry pine - 14 The spruce forest - 15 The Huldefossen waterfall - 16 Bruahogjen - 17 The Mo farm